Aliénation

February 28, 2017 Leave a comment

La notion d’aliénation (du latin : alienus, qui signifie « autre », « étranger ») est généralement comprise, en philosophie, comme la dépossession de l’individu, c’est-à-dire la perte de sa maîtrise, de ses forces propres au profit d’un autre (individu, groupe ou société en général). Il renvoie ainsi fréquemment à l’idée d’une inauthenticité de l’existence vécue par l’individu aliéné. Ce terme est à l’origine un terme juridique, se rapportant à un transfert de propriété.

Le terme d’aliénation est particulièrement polysémique, tant et si bien qu’il est régulièrement considéré comme un concept trop englobant. Il est en effet couramment utilisé à propos de divers sujets, que ce soit pour dénoncer l’aliénation ou le caractère aliénant du système capitaliste de manière générale, ou pour critiquer certains phénomènes ou institutions sociales particuliers, telle la religion, le travail, l’argent, la publicité ou la consommation… Il sert aussi souvent à désigner un état de privation de ses facultés propres ou de ses droits, une dépossession de ses capacités ou une contrainte imposée empêchant le déploiement de son potentiel, ou encore à signaler qu’une personne n’est plus elle-même, devient étrangère à elle-même, ne pense pas par elle-même, est assujettie sans en avoir conscience, etc.

Concept permettant une critique globalisante des formes et organisations sociales, à la manière des notions de domination ou d’exploitation, l’idée d’aliénation a connu un large succès dans les années 1960 et 1970, pour ensuite voir son usage s’estomper sinon disparaître, selon certains en raison même de sa perte de signification précise, avant d’être l’objet de tentatives de réhabilitation.

Au-delà de l’usage juridique ou psychiatrique du terme, la notion d’aliénation se rattache aussi à d’autres concepts, comme la réification ou l’hétéronomie – termes qui visent généralement à donner un sens plus précis à cette notion d’aliénation.francisco-de-goya-teikning

Categories: Uncategorized

Gatekunst i småbyen

October 5, 2016 Leave a comment

isfuglen-og-reven

Tysdag 24. mai 2016 kom det eit kunstverk på veggen ved rådhuset i Florø. Kunstnarane heldt på å tagge ein raudrev som prøver å fange ein fugl. Det var duka for undring og spekulasjon!

Kva i all verda er det dei har måla på rådhusveggen i «Byen vår Florø»? Kven er det som har tinga dette biletet? Firdaposten journalist, byen sin eigen tilskipingskomité og andre nyfikne forbipasserande såg ut som dei hadde gått inn Tut Ank Amon sitt urørte gravkammer. Det osa av nysgjerrigheit og stoltheit! Det kjendest som om vi alle var med på noko stort, noko nytt. Endeleg hadde vi eit høve til å føle oss like kule og hippe som folk i Ny York, og det her på rådhusplassen i byen vår Florø! Somme av oss kjende oss kanskje til og med som gamle vener av desse framande kunstnarane.

Neste morgon slo eg fylgje med Firdaposten sin karikaturteiknar til rådhusplassen. Etter ei stund stima vi oss saman fem vaksne mannfolk under byens nye stoltheit. – Er raudreven venstresida som prøver å ete opp ei flyktig høgreside i norsk politikk, spurde eg? Og før eg visste ordet av det var dei andre mennene borte vekk…

Categories: Uncategorized

I byrjinga var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.

January 4, 2015 Leave a comment

Om det vestlege verdsbiletet

January 7, 2014 Leave a comment

Den vestlege kultur og sivilisasjon byggjer på ei lang og stolt historie heilt frå antikkens Hellas (900 – 146 f.Kr) med store filosofar som Sokrates, Platon og Aristoteles, til Rennesansen midt på 1300-talet og Opplysningstida på 1700-talet, berre for å nemne nokre viktige epokar.

Det fyrste kjenneteiknet på det vestlege verdsbiletet er at det er svært antroposentrisk, så naturen blir oppfatta som mindre viktig. Som eit resultat av dette har menneska sigra over naturen og dei herskar over den slik dei sjølv ynskjer. Denne menneskesentrerte haldninga har medført uansvarleg utnytting av naturen, og plasserer i tillegg mennesket over og imot andre levande vesen.[1]

Det vestlege verdsbiletet er i tillegg dualistisk og består av det allminnelege og det heilage. Ein reknar med at ei større makt gjorde kaos til orden. Sjølv om todelinga av det vestlege verdsbiletet, anten det er religiøst eller ikkje, varierer, har dei alle eit fellestrekk. Ei verd som blir definert av den fyrste bestanddelen, t.d. kunnskap, er uavhengig av og viktigare enn den andre bestanddelen, t.d. oppfatninga.[2]

 

[1] http://www.lifecommunication.org/2010/03/overviews-of-western-and-eastern.html

[2] http://chn320.wordpress.com/2012/04/11/zoe-vorsino-the-confucian-worldview-reflection

Categories: Daily notes

À propos de la vision occidentale du monde

January 6, 2014 Leave a comment

La première caractéristique de la vision occidentale du monde, c’est qu’elle est très anthropocentrique, c’est-à-dire que la nature est perçue comme moins importante. En conséquence, l’être humain a surmonté la nature er il règne sur elle selon ses voeux. Cette attitude centrée sur l’humain a conduit à l’exploitation irresponsable de la nature et a placé l’humain au-dessus et contre les autres êtres vivants.[1]

La vision du monde occidental est également dualiste et se compose du mondain et du sacré. On suppose qu’une plus grande puissance a créé l’ordre à partir du chaos. Soit religieuse ou non, les visions occidentales du monde ont toutes un trait commun. Un monde qui est défini par le premier composant, par exemple la connaissance, qui n’est pas lié à et domine l’autre composant, par exemple, la perception.[2]

 

Categories: Daily notes

Nelson Mandala

January 4, 2014 Leave a comment

Nelson Mandala

Categories: Daily notes

Kultur og utvikling

April 22, 2013 Leave a comment

Der finst ikkje vitskaplege bevis for ulikskap basert på rase, etnisk opphav og nasjonalitet. Ein grunnleggande verdi i alle demokratiske land er difor respekten for alle kulturar som syner toleranse for andre kulturar. Det er viktig at ulikskap mellom kulturar i eit samfunn ikkje blir oppfatta som noko framandt eller uakseptabelt, men som forsøk på å leve saman med nyttig lærdom for alle.

Dei siste tiåra har kultur og utvikling fått fleire tydingar. Det er særleg to tydingar som har gjort seg gjeldane:

I ei rekkje protestantiske, konfutsianske og nyevangeliske samfunn er ikkje kultur noko verdfullt i seg sjølv, men eit middel for økonomisk framsteg. Her spelar ikkje kultur noka vesentleg rolle. Kultur er noko instrumentelt, som anten bidrar til eller hemmar økonomisk vekst.

I andre samfunn er utvikling ein prosess som aukar fridomen til den enkelte, slik at han eller ho kan nå sine ambisjonar og mål. Her er enkeltmennesket både det viktigaste middelet og det endelege målet for utvikling. Kultur definerer korleis vi forheld oss til naturen, til jorda, og der vi uttrykkjer våre haldningar til andre livsformer, både plante- og dyreriket. Her er ikkje kultur eit middel for materielt framsteg: det er slutten og målet for utviklinga.

Categories: Daily notes
%d bloggers like this: